CMAS*-kurs
Tradisjonen tru køyrar DG eit kurs i CMAS*, dvs. eit nybyrjarkurs. Pris vil liggje på ca. 6000 kr. Dette er inkludert sjølve kurset som kostar 3700 kr, ein obligatorisk legesjekk til 600 kr., samt ei pakke med ABC-utstyr (maske, snorkel, symjeføtar, hanskar) til 1700 kr. kr. Sistnemnde posten kan godt tenkjast å verte litt endra på, me jobbar førebels med det. I tillegg kjem utgifter til lærebøkar og kursmateriell som ikkje er bestemt enno.
Kurset gjeng føre seg fyrste og andre veka ila. mars. Det vert teori på kveldstid på vekedagane og dykking i basseng/fjorden i helgedagane.
Det er pr. no 3 ledige plassar, av totalt 8, så dersom du vil vere med eller vil vite meir om kurset, send e-post med påmelding til asmundry@stud.ntnu.no.
Påmeldingsfrist setjast til 26.02.12.
Mvh
Åsmund Ryningen
Rektor NTNUI DG

